
Aktivitetar i 2026

Helsefremming og livskvalitet
Fagsamling
Campus Kristiansund, 3.-4. februar
Samling av fylkeskommunen i samarbeid med Frivillighet Norge og Fremsam.
Korleis kan kommunar og frivillig sektor jobbe tettare saman for betre folkehelse? Pilotane i «ABC for god psykisk helse» presenterer erfaringar og planar for 2026, alle med vekt på meistring, moglegheiter og livskvalitet.
Vinterferieveka
i Sande
Sande kommune, 16. -20. februar.
I I samarbeid med Sande Frivillegsentral arrangerer NaKuHel Sunnmøre aktivitetar for born i vinterferien. Vi står på skøyter på Hallevatnet om isen held, har fritidsklubb i Larsneshallen, og reiser på bading i Ulsteinvik.

Foto. Sunmøre Friluftsråd
Fredagskafè
Brekkegarden, 27. februar
Sande Frivillegsentral og NaKuHel Sunnmøre inviterer inn til ei triveleg formiddagsstund.
Ann- Kristin Brekke Oksavik orienterer om arbeidet i frivllegsentralen, og Nina E. Bøe orienterer om ABC for god psykisk helse.
Mat, kaffi, og god prat rundt borda.


Nettverksmøter for frivillig sektor i Sande og Ulstein
Ulstein bibliotek, 29. april kl 18
Rådhuset Larsnes, 10. juni kl 18
NaKuHel Sunnmøre og Frivillegsentralane i Ulstein og Sande inviterer frivilig sektor inn til opne nettverksmøte.
Revidert folkehelselov trådde i kraft 1. januar i år, og Møre og Romsdal Fylkeskommune har rulla ut ABC-kampanjen. I samband med dette ynskjer arrangørane å samle friviilig sekto
r til eit møte der vi saman ser på dei mulegheitene vi har, samt utfordringane vi støter på i det daglege. Kva kan vi få til når vi går saman?
Sentrale tema blir synlegheit, rekruttering, økonomi og kapasitetsbygging.
Det blir servering. Velkomne til trivelege møter
Påmelding: nina@brekkegarden.no

Påskeliljedagane 2026
Brekkegarden, 26. april / 10. mai / 24. mai
26.april blir den nyetablerte påskeliljesamlinga i Brekkegarden opna.
Det Norske Hagseselskap deler kvart år ut Olaf Billes Legat til blomsterhagens utvikling. I 2024 var NaKuHel Sunnmøre lukkeleg mottakar, og dette gav inspirasjon til ei monaleg utviding av samlinga.
I opningsåret 2026 inneheld samlinga 112 ulike kultivarar av historiske og moderne påskeliljer.


Rosenes Dag

11.juli inviterer Norsk Roseforening avd. Møre og Romsdal inn til Rosenes Dag i Brekkegarden. Det blir guida rosevandring, sal av roser og rosekåring. Om tilhøva ligg til rette for det, reiser vi vidare til Haugsholmen for å ta dei nydelege hagane der nærare i augesyn.
Informasjonsmøte
Sosial resept
Brekkegarden, Gjerdsvika,
17. september kl 17 -19
Sosial resept er ei gratis, etterkvart verdsfemnande ordning. Målsetjinga er å redusere einsemd, og gje betre helse og velvære gjennom å kople menneske til aktivitetar og tilbod i nærsamfunnet. I denne prosessen bidreg frivillige som ei støtte over ei kort periode.
Du som er interessert i å vite meir, og trur rolla som frivilleg aktivitetsven kan høve for deg, er hjarteleg velkomen. Du bind deg ikkje til noko, men får vite meir om ordninga og korleis den er strukturert.


Folkehelsekonferansen 2026
Lillestrøm,
23 - 25. september
NaKuHel Sunnmøre deltek på årets forkonferanse med eit innlegg om prøveprosjektet i sosial resept.
Sjå program her:
https://folkehelsekonferansen.no/forkonferanser-23-09-26

Gjer noko fint for andre - dagen
2. oktober 2026



HAUSTFERIE-
AKTIVITETAR
TORSDAG 8. OKT:
TEATERVERKSTAD FOR 8-11 ÅR PÅ UGLASÆTRA
https://www.facebook.com/events/1620678486125919
FREDAG 9. OKT: TEATERVERKSTAD FOR 12 - 15 ÅR PÅ UGLASÆTRA
https://www.facebook.com/events/2175451500047376
PÅMELDING TIL nina@brekkegarden.no / tlf 41507568
ONSDAG 7. OKT:
BIRDLIFE NORGE ARRANGERER FUGLEDAG VED SAUNESELVA KL 17.
Kom og lær meir om dei vi har rundt oss!