
Hageromma i Brekkegarden



Rosehagen vart etablert våren 2018, og er heim til ei stor samling historiske roser. Dette er roser som har opphav før 1867, kjende for si skjønnheit, herdigheit og fantastiske duft. Dei er arveroser - roser som har vandra frå hage til hage, og overlevd i generasjonar. I 2021 vart også Villrosebakken etablert, ei samling av botaniske roser. Desse fins alle som viltveksande ein stad i verda, og blømer tidleg med sine vakre, enkle og opne blomar.
Olaf Billes Legat for blomsterhagens utvikling blir kvart år delt ut av Det Norske Hageselskap. I 2024 var NaKuHel Sunnmøre heldig og lukkeleg mottakar av legatet. Dette har i 2025 blitt nytta til utviding av villrosesamlinga, etablering av hagedam, og ei ny stor samling av historiske påske- og pinseliljer.
Hagane i Brekkegarden er opne for besøkande så lenge det ikkje er andre aktivitetar som foregår i tunet. Ta kontakt for besøk og mulegheit for omvising i samlingane. 26. april i år gjekk startskotet for dei aller fyrste Påskeliljedagane, og gjennom tre helgar fekk dei besøkande sjå over 100 ulike kultivarar av våren sine gladaste budbringarar. Vi gler oss til neste år!
Historisk rose 'El Areana' og påskelilje 'Yellow Cheerfulness'

