top of page

Naturbasert rehabilitering

Hage og eit Halmstrå Himmel er namnet på programmet som var starta i 2020 - midt i ei krevjande tid, og med mykje manøvrering. Sidan har vi sagt: slike program burde finnast i kvar ei bygd, og på kvart eit gatehjørne! Vi var fyrst i Møre og Romsdal - og vonar vi blir fleire.

Ein dag i veka treffast vi på dagtid i dei ny-gamle hagane i Brekkegarden i Sande kommune. Deltakarane har opplevd korleis aktivitetane i hagen kan bidra til at ting fell på plass igjen gjennom kameratskap, sanseinntrykk, og det levande livet utandørs. Einkvar hage rommer uendelege mulegheiter for sanseopplevingar, for å få bruke kroppen til noko meiningsfullt, for matauk, visuelle opplevingar, for nærkontakt med den levande jorda og dyrelivet.

Naturbasert rehabilitering inneber å sette naturområder og hagar sine mange mulegheiter i system. Vi jobbar forskingsbasert, og nyttar målretta alt naturen har å by på. Deltakarane sine eigne målsettingar og behov styrer dagen. Av og til ro og kvile, av og til felles gjeremål i eit støttande felleskap. Snakk med fastlegen din om dette kan vere noko for deg, eller ta direkte kontakt med oss.

I Friluftslivets år, 2025, starta vi også ei ny frivillig utegruppe som møtast mandags ettermiddagar i parsellhagen. Alle har sin eigen parsell for utprøving av dyrkingsprosjekt, og planane for utviding med fleire parsellar rundt bålplassen er i full gong. Ynskjer du gode fellesskapsopplevingar med hage og natur som ramme rundt, og meir erfaring med dyrking av eigen mat, vil du trivast i denne kjekke gruppa!

IMG_0130.JPG

Deltakar i prosjektet:

"Her i Brekkegarden - her er i alle fall verda på plass."

OM OSS

NaKuHel-verksemdene bidreg til heilskapstenking i frivillig sektor og folkehelsearbeid, tilbyr aktivitetar som femner heile befolkninga, og er levande møtestadar for gode fellesskapsopplevingar.

KONTAKT:

Adr: Myrane 19, 6083 Gjerdsvika

Tlf 41507568

E-post: nina@brekkegarden.no

© NaKuHel Sunnmøre 2026
 

bottom of page