top of page

Sosial resept: prøveprosjekt i Sande og Ulstein

Ein veg mot ein ny kvardag

Har du lyst til å prøve noko nytt? Møte nye menneske, få betre kvardagar med meir meining? Starte ein ny hobby?

 

Treng litt hjelp i dette, men veit ikkje kvar du skal gå?

i-rqZRLbd-X2.jpg

 ©Cecilie Hatløy

Kva er sosial resept?

Sosial resept er ei gratis verdsfemnande ordning, med målsetjing om å redusere isolasjon og gje oss betre helse og velvære.

Det er ei ikkje-klinisk teneste som kan legge grunnlag for positive og varige endringar, og eit betre samfunn for alle som bur der.

 

Du blir sett i kontakt med personar i lokalsamfunnet som vil støtte i prosessen med å finne fram til kva som betyr aller mest for deg, og ta dei fyrste skritta mot målet saman med deg.

Sosial resept er innfallsporten til:

  • natur-, kultur og idrettstilbod

  • sosiale møtestadar og aktivitetar

  • mulegheter for frivillig aktivitet

  • få kunnskap om tenestetilbod

  • og mykje meir i lokalsamfunnet

Korleis fungerer det?

Trinn 1: Ta kontakt med fastlegen din, og høyr om sosial resept kan vere noko for deg.

Trinn 2: Du blir sett i kontakt med ein koordinator som vil lytte til kva du er interessert i, og arrangere eit koplingsmøte med deg og ein frivillig aktivitetsvenn.

Trinn 3: Du og aktivitetsvennen oppsøkjer saman tilbod du er interessert i og som er rett for deg. Du kan prøve fleire tilbod.

Trinn 4: Aktivitetsvenn og koordinator held kontakta med deg for å høyre korleis det går, og om tilboda er slik du håpar.

Har du fastlege i Sande eller Ulstein: snakk med legen din om sosial resept.

 

Du kan òg kontakte NaKuHel Sunnmøre direkte dersom du ynskjer meir informasjon.

OM OSS

NaKuHel-verksemdene bidreg til heilskapstenking i frivillig sektor og folkehelsearbeid, tilbyr aktivitetar som femner heile befolkninga, og er levande møtestadar for gode fellesskapsopplevingar.

KONTAKT:

Adr: Myrane 19, 6083 Gjerdsvika

Tlf 41507568

E-post: nina@brekkegarden.no

© NaKuHel Sunnmøre 2026
 

bottom of page