
Act Belong Commit i Møre og Romsdal
ABC står for Act, Belong, Commit, og er ei folkehelsekampanje for heile befolkninga. Målet er å gjere det enklare for oss alle å ta vare på både vår eiga og andre si psykiske helse.
Kva ligg i ABC?
ABC står for tre enkle råd:
A – Gjer noko aktivt
Aktivitet kan vere anten fysisk, sosial eller mental.
Alt vi gjer innanfor desse tre områda kan bidra til å gje oss energi, betre humør og kjensla av å få til noko som gjer oss godt. Korte turar, lesing, vedhogst - små ting, men potensielt store effektar.
B – Gjer noko saman
Vi veit at fellesskapskjensla er heilt sentralt for helse og livskvalitet. Å møte nokon, delta i ein aktivitet, besøke nokon eller ta initiativ til ein liten prat kan gjere ein stor skilnad – for deg og for den andre.
C – Gjer noko meiningsfylt
Når vi gjer noko som betyr noko for oss, kjenner vi retning, glede og meining. Det kan vere å lære noko nytt, hjelpe andre, engasjere seg i lokalsamfunnet, bidra som frivillig, eller dyrke ein hobby.
Desse tre råda er lett tilgjengelege og passar for alle, uansett alder eller livssituasjon. Små, daglege handlingar kan vere nok til å styrke den psykiske helsa, og eit viktig bidrag til eit meir robust samfunn.





Møre og Romsdal Fylkeskommune lyste hausten 2025 ut tilskotsmidlar til pilotprosjekt som ville teste ut ABC for god psykisk helse i frivillig sektor. Målet er å spreie kunnskap, styrke lokal innsats og gjere ABC-modellen meir synleg og relevant i kvardagen – både for enkeltpersonar og lokalsamfunn.
NaKuHel Sunnmøre er ein av fem pilotar i Møre og Romsdal som fekk tilskot. Vårt prosjekt
kombinerer breidde og målretta tiltak gjennom informasjonskampanjer, aktivitetsveker for born og unge, nettverkssamlingar for frivilleg sektor og eit unikt prøveprosjekt i sosial resept.
Ta kontakt om du vil vite meir om ABC
og piloten i Sande og Ulstein