
KVEN ER VI
NaKuHel Sunnmøre er ein del av NaKuHel-nettverket og nedslagsfeltet for våre aktivitetar er søre Sunnmøre. Forkortinga står for Natur, Kultur og Helse. Vi bidreg til heilskapstenking i frivillig sektor og folkehelsearbeid, tilbyr aktivitetar som femnar heile befolkninga, og er levande møtestadar for gode opplevingar.
Vi trur på brubygging mellom praksisfelt og akademia, mellom fagdisiplinar og mellom menneske. I botnen ligg heilskaplege forståingsmodellar der mennesket står i ein dynamisk relasjon med alt anna rundt seg.
Alt arbeidet i NaKuHel er forankra i det salutogene. Salutogenese tyder helsa sitt opphav, og handlar dermed om å identifisere dei faktorane som fremjar god helse. Målet for verksemdene er å skape Helse, Miljø og Livskvalitet - for alle.
Å bli medviten om eigne talent og dugleikar er sentralt. Likeeins å auke fokuset på kva det er som må til for at vi skal kunne leve så fullverdige liv som mogleg. Det handlar om å kjenne att ting heng saman - at det vi opplever i livet er forståeleg, handterbart, og at det gir meining. Dette er målet - der opplevingar og aktivitetar i natur og kultur kan vise vegen.
KVA GJER VI
Sidan starten i 2017 har NaKuHel Sunnmøre drive prosjekt knytt til auka naturmangfald, hagekultur, internasjonale kunstnarverkstadar og undervisning. I 2020 etablerte vi eit program i naturbasert rehabilitering. Målet er betre livskvalitet for deltakarane, og kunnskapsutvikling rundt korleis hage- og naturbaserte intervensjonar bidreg til oppleving av meining og samanheng. I 2025 etablerte vi òg eit nytt dyrkingsområde som er ope for alle - deltakarane har kvar sin parsell, og brukte sin fyrste sesong til å teste ut gravefri dyrking.
I 2026 er vi ein av fem ABC-pilotar i Møre og Romsdal. Som del av piloten skal vi etablere eit lokalt ABC-nettverk, ha ei rekkje opne arrangement i kommunane Sande og Ulstein og teste ut eit lokalt prøveprosjekt i sosial resept.