HAGE OG EIT
HALMSTRÅ HIMMEL
Program i naturbasert rehabilitering


Natur, hagar og sjølvberging:
kjelde til meining og glede
At naturen er kjelde til velvære er kjent for dei fleste. Der ute fell ting på plass igjen. Hagar byr på sanseinntrykk, fargar, lukt og lyd som fangar den spontane merksemda vår. På den måten får alt anna kvile.
Mange skildrar hagearbeid som ei flytoppleving. Umerkeleg flyt vi frå det eine til det andre, og kan la dei gode sanseopplevingane råde grunnen. Å tilbringe tid i ein hage bidreg til oppleving av meining, gir kunnskap for livet, og opnar nye og breiare mulegheitsrom i liva våre.
Naturbasert rehabilitering inneber å sette naturområder og hagar sine mange mulegheiter i system. Vi nyttar målretta alt naturen byr på, for å oppnå betre livskvalitet. Slike program spelar ofte ei særs viktig rolle i betringsprosessar etter sjukdom og skade. Spennet av ulike aktivitetar er nærast uendeleg, og deltaking er alltid spesielt tilpassa kvar einskild sine behov. All aktivitet tar utgangspunkt i eigne målsettingar og behov. Av og til er det ro og kvile. Andre gongar er det mulegheita til å vere med i felles gjeremål i eit varmt fellesskap.
Sidan 2020 har vi drive programmet Hage og eit halmstrå himmel, der vi møtast på dagtid til aktivitetar utandørs. Interessene til deltakarane styrer aktivitetane, og vi har m.a. fokusert på dyrking av mat, identifikasjon av nyttevekstar og tilbereding av mat frå naturen, tilrettelegging for ville pollinerande insekt, og stell av stauder, roser, frukt og bær. Du er velkomen til å ta kontakt med oss og avtale eit besøk dersom du vil vite meir.
I 2025, Friluftslivets år, har vi starta ei ny frivillig utegruppe som møtast mandags ettermiddagar i parsellhagen. Alle har sin eigen parsell for utprøving av dyrkingsprosjekt, og planane for utviding og nye prosjekt i 2026 er i full gong.
Ynskjer du gode fellesskapsopplevingar med hage og natur som ramme rundt, og meir erfaring med dyrking av eigen mat, vil du trivast i denne gruppa!


