top of page

 

 

SAMAN ER EIN MINDRE ÅLEINE

Aktivitetsdag.jpg

Vi tek imot mange skular og barnehagar for dagsopphald på garden. Desse dagane arbeidar vi med  natur- og kunstfaglege tema. I 2022 byd vi inn til nye Sommarfugldagar - temadager med  læringsaktivitetar, oppgåver og leik knytt til desse vakraste av dei flygande insekta. Arbeidet blir tatt vidare ut i lokalsamfunna. 

HAGE OG EIT HALMSTRÅ HIMMEL
IMG_5747.jpg
Gentle Hermione.jpg

Hausten 2020 starta eit to-årig pilotprosjekt i terapeutisk hagebruk i Brekkegarden. Deltakarane møtast ein gong i veka, og jobbar saman eller på eiga hand. Aktivitetane blir tilrettelagt etter kvar einskild sine interesseområde. Prosjektet er gjenstand for fylgjeforsking. 

Hagearbeid og det å bruke naturen har eit stort potensiale i tilfriskningsprosessar. Dette er gamal kunnskap, men framleis undervurdert som supplement til ordinær behandling. Mykje målretta forsking har vore utført siste åra, men vi har framleis mykje å lære om korleis dette verkar. I piloten skal vi gjennom praktisk retta utearbeid saman med andre utforske kva vi kan oppnå i form av betra helse, samt freiste å forstå meir om kva som utgjer verkeleg effektive naturbaserte intervensjonar. Interesserte i aldersgruppa 23-79 er velkomne til å ta kontakt for informasjon om programmet. 

 

ROSEHAGEN

Bærhagen og prydhagen i Brekkegarden ber vitne om tidlegare eigarar si interesse for hortikultur, og ein slik kjærleik må vidareførast. Våren 2018 starta arbeidet med å bygge opp ein rosehage med historiske roser, og nye blir lagt til år for år. Dette er dei gamle hagerosene som vi ofte finn ved eldre gardstun, og samlinga i Brekkegarden skal vise eit representativt utval frå dei forskjellige rosefamiliene. Rosehagen er også ein arena for utprøving av kva roser som vil trivast godt i vårt stundom vèrharde område.

Hagane er opne for alle i bløminga, her er det godt å slå seg ned med ein kopp kaffi.

SOMMARFUGLHAGANE
IMG_7048 4.jpg

I 2019 skapte vi to nye hagerom i Brekkegarden, planta spesielt med tanke på å trekkje til seg pollinerende insekt. Prosjektet er delfinansiert av Miljødirektoratet. "Sommarfuglhaging" er eit enkelt, morosamt og engasjerande tiltak! Alle som har ein liten hageflekk kan bidra, vi hjelper gjerne med råd om planting og utforming.  

 

Revitaliseringa av hagane og markane inneber også leplanting og innføring av lette beitedyr. Gjennom fokus på artsrikdom, rett gjødsling og skjøtsel av gamle slåtte-/beiteengar, aukar vi biodiversiteten på staden. Vi studerer utviklinga frå år til år gjennom kontinuerlige artsobservasjonar, også saman med skuleklasser og andre grupper. 

2018-02-16 14.15.44.jpg
KUNSTSTIEN "ALLFAR"

Kunststien "Allfar" er både kunst og folkehelsetiltak. Stien er utvikla gjennom tre kunstnarverkstadar, i samarbeid med åtte norske og internasjonale kunstnarar. Løypa går i ein stor sirkel rundt området på Brekkegarden, I arbeidet med "Allfar" har kunstnarane gått inn i historia til Brekkegarden, til kommunen, og dei har hatt nær kontakt med ramneparet som held til rett ovanfor stien: Hugin og Munin - eller "Tanke" og "Minne". Den menneskelege tanken flyg vidt i vår tid - men kva skjer med minna våre?

Musvåk.jpg

REHABILITERING FUGL

Rehabilitering av skadd fugl er eit kjerneområde i verksemda. På biletet ein ung musvåk som vart sleppt ut att i god kondisjon etter å ha kome sterkt avmagra. Eit stort antal fugl har vore innom i alle dei åra Alv Ottar har vore aktiv. Fuglane har ofte vesentleg større rehabiliteringspotensiale enn det vi trur. Det er ikkje alltid det går slik ein ynskjer - men det er alltid slik at det er verdt å prøve.

4560D1F3-0C03-4F73-AC8C-35CBD1BEC8FD.JPG

SOMMARSKULE

Vi arrangerer sommarskule i Brekkegarden siste veka før skulestart. Deltakarane får vere med på eit vidt spekter av aktivitetar saman med innleigde instruktørar. Vi har fiska krabbe, ridd på ponni, hatt kunst- og musikkverkstadar, fotokurs, og ikkje minst byr sommarskuleveka på masse kos med dyra. Siste dagen lagar deltakarane til storfest for familiene sine!

Image-1-16.jpg
NATURSKULEN

Naturskulen er eit samarbeid mellom NaKuHel Sunnmøre, Bufdir og NAV Herøy / Vanylven. Tilbodet er for born og unge frå 7-19 år, og er strukturert som eit kulturskuletilbod, men med aktivitetar og opplevingar i natur i staden. Naturen i området brukar vi til leik, matlaging, fotografering, artsbestemming og mykje anna. Vi ynskjer å legge grunnlag for varige gode opplevingar utandørs, og  auke kunnskapen om korleis vi kan bruke naturen på måtar som gagnar både plantar, dyr og menneske.

bottom of page